Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Språk
Bokmål Nynorsk
Format

Digital ressurs

12 md. abonnement

Innbundet

Digital ressurs i salg
199,-

Ordriket 5A Elevbok, d-bok
Norsk for barnetrinnet

Elevbøkene på 5. trinn er strukturerte etter sjanger. Kvart kapittel tek for seg sin sjanger, som blir modellert grundig og arbeidd med på ulike måtar i Leseriket, Taleriket, Språkriket og Skriveriket.
Leseriket inneheld eit utval tekstar i ulik vanskegrad i den aktuelle sjangeren. I kvart kapittel blir ein lesestrategi introdusert. Oppgåvene er delte inn i kategoriane forstå, hugse og tenkje, alt etter kva nivå i leseforståinga elevane øver.

Taleriket gjennomgår og øver munnlege ferdigheiter. Språkriket inneheld grammatikk- og rettskrivingsoppgåver. Skriveriket øver skriveferdigheitene i den aktuelle sjangeren. Kvart kapittel presenterer ein skrivestrategi som lettar arbeidet med skrivinga.

Ordriket Elevbok 5A, d-bok er ein digital utgåve av papirboka. Med d-boken opnar det seg nye moglegheiter og den er tilpassa bruk på PC, Mac og nettbrett.

Ordriket Elevbok 5A, d-bok har følgjande funksjonalitet:
- Lyd
- Utheving og notatar
- Slå opp i ordbøker, søkemotorar og leksikon på nett
- Lagre og skrive ut uthevingar og notat
- Favorittmerke sider
- Søkje etter ord eller frasar

 Sjå www.fagbokforlaget.no/d-bok for meir informasjon.

Forfattere:
ISBN:
9788211017390
Utgitt:
Utgave:
1
Sider:
288
Verk:
Ordriket (1. utgave)
Trinn:
5
Ordriket 5A Elevbok, d-bok