I lesebøkene på 1. trinn følgjer vi Sam og Ina på jakt etter ein tjuv som stel bokstavar. Tjuven er laus i rekkjehusområdet Snippen 1. Under jakta er vi innom alle husa, frå A til Å, og blir kjende med spennande menneske og dyr.
Forteljinga om Sam og Ina og bokstavtjuven skaper eit felles univers som heile klassen kan ta del i. Samstundes finst dei ulike tekstane i historia på tre nivå. Saman med fargerike og innhaldsrike illustrasjonar gir dette kvar enkelt elev høve til å ta del i jakta på sine premissar. Jakta startar i Lesebok 1A og held fram i Lesebok 1B. Digitale versjonar finst i nettressursen.
Ordriket Lesebok 1B, d-bok er ein digital utgåve av papirboka. Med d-boken opnar det seg nye moglegheiter og den er tilpassa bruk på PC, Mac og nettbrett.
Ordriket Lesebok 1B, d-bok har følgjande funksjonalitet:
- Lyd
- Utheving og notatar
- Slå opp i ordbøker, søkemotorar og leksikon på nett
- Lagre og skrive ut uthevingar og notat
- Favorittmerke sider
- Søkje etter ord eller frasar
Sjå www.fagbokforlaget.no/d-bok for meir informasjon.