Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Elle Melle Språkboka 3, d-bok
Forfattere:
ISBN:
9788211021304
Utgitt:
Utgave:
1
Verk:
Elle Melle
Trinn:
3
Elle Melle Språkboka 3, d-bok

Elle Melle Språkboka 3, d-bok
Språkboka 3

Gi barna lese- og skriveglede!

Elle Melle gir barna øving i å lytte, snakke, lese og skrive gjennom fellesopplevingar av tekst, illustrasjonar og musikk. Elle Melle har ein gjennomtenkt og trygg progresjon og bruker varierte metodar for å nå flest mogleg. Ved hjelp av lystige bilete, songar og fengjande tekstar stimulerer Elle Melle kreativiteten til barna.

I
Elle Melle Språkboka 3 arbeider vi med ordkunnskap, rettskriving, grammatikk, tekstkunnskap og tekstproduksjon. Oppgåvene er nivådifferensierte og delte inn i ti arbeidseiningar. Tekstane i Elle Melle Leseboka 3 går nærare inn på emna i Språkboka 3, men Språkboka 3 kan òg brukast åleine. Boka er gjennomillustrert med fine og fargerike teikningar.

Elle Melle for 3. trinn omfattar:
Leseboka 3
Les og forstå 3
Språkboka 3
CD 3
Lærarrettleiing inkludert kopioriginalar
Nettstad www.fagbokforlaget.no/ellemelle


Fagbokforlaget har også utvikla skriftformingshefte i lykkje- og stavskrift og nettstaden
Lesedilla. Her finn du eit stort utval av differensierte lesebøker med lyd, bilete og animasjon. Ta ein tur innom www.fagbokforlaget.no/lesedilla og opplev leseglede og leselyst!

Elle Melle finst for 1., 2., 3. og 4. trinn.

Elle Melle Språkboka 3, d-bok er ein digital utgåve av papirboka. Med d-boken opnar det seg nye moglegheiter og er tilpassa bruk på PC, Mac og nettbrett.

Elle Melle Språkboka 3, d-bok har også følgjande funksjonalitet:
- Utheving og notatar
- Slå opp i ordbøker, søkemotorar og leksikon på nett
- Lagre og skrive ut uthevingar og notatar
- Favorittmerke sider
- Søkje etter ord eller frasar

Bøker i samme serie