Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Språk
Bokmål Nynorsk
Format

Digital ressurs

12 md. abonnement

Innbundet

Digital ressurs i salg
145,-

Elle Melle Leseboka 3, d-bok
Norsk for barnetrinnet

Elle Melle Leseboka 3 høver for alle lesarar! Gjennom heile skoleåret vil elevane finne tekstar som er tilpassa deira eige lesenivå, tema som motiverer for lesing og ei sjangerbreidd som varetek både lyrikk, sakprosa og songtekstar. Leseboka 3 er rikt illustrert, og alle tekstane har bilete og nøkkelord som elevane kan jobbe med før lesinga.

Arbeidshefte
Elle Melle Les og forstå 3 tek utgangspunkt i tekstane i Leseboka 3 og inneheld differensierte oppgåver som trenar innhaldsforståing, refleksjon og ord- og omgrepsutvikling.

Fagbokforlaget har også utvikla skriftformingshefte i lykkje- og stavskrift og nettstaden
Lesedilla. Her finn du eit stort utval av differensierte lesebøker med lyd, bilete og animasjon. Ta ein tur innom www.fagbokforlaget.no/lesedilla og opplev leseglede og leselyst!

Elle Melle Leseboka 3, d-bok er ein digital utgåve av papirboka. Med d-boken opnar det seg nye moglegheiter og den er tilpassa bruk på PC, Mac og nettbrett.

Elle Melle Leseboka 3, d-bok har følgjande funksjonalitet:
- Utheving og notatar
- Slå opp i ordbøker, søkemotorar og leksikon på nett
- Lagre og skrive ut uthevingar og notat
- Favorittmerke sider
- Søkje etter ord eller frasar

Sjå www.fagbokforlaget.no/d-bok for meir informasjon.




Forfattere:
ISBN:
9788211021410
Utgitt:
Utgave:
1
Sider:
176
Verk:
Elle Melle
Trinn:
3
Elle Melle Leseboka 3, d-bok

Bøker i samme serie