Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
kommer Tømrarboka
Språk
Bokmål Nynorsk
Bestill vurderingseksemplar
For lærere, fagansvarlige og forelesere
Forventes utgitt 30.05.2023
799,-

Tømrarboka
vg2 tømrar / vg3 tømrarfaget

Dette læreverket dekkjer den nye læreplanen for Tømrarfaget vg2 og vg3 etter fagfornyinga. Tømrarboka tek sikte på å gi eleven og læraren ei god innføring i faget og skape forståing for kor komplekst tømrarfaget er, men utan å verke overveldande. Læreverket består av ei trykt bok og ein nettressurs. 

Tømrarboka dekkjer temaa konstruksjonar og klimaskal, vindauge, dører og innvendig arbeid og dessutan materialeigenskapar, varmeisolering og tetting. Tømrarboka tek også for seg kjerneelementa i læreplanen til vg3 innanfor dei same temaa. Tømrarboka er rikt illustrert, og det er lagt vekt på å gi gode døme gjennom bilete og figurar.

Lars-Christian Tryger Danielsen har sveinebrev i tømrarfaget og er utdanna yrkesfaglærar ved Oslo MET. Til dagleg jobbar han ved Bjertnes VGS i Nittedal. Med brei erfaring frå tømrarbransjen og frå byggjevarehandel kombinert med ein iver for å skape læringsglede hos elevane har Lars-Christian bidrege stort inn i bokprosjektet Tømrarboka. Han tok initiativet til å skrive denne boka.

Lars Einar Falao har meisterbrev i tømrarfaget og ein mastergrad i yrkespedagogikk frå Oslo MET. Til dagleg jobbar han både på Nesbru VGS som byggfaglærar og på Oslo MET som lektor ved yrkesfaglærarutdanninga. Lars-Einar er tidlegare fotballspelar og brenn for berekraftig utvikling og for å skape læringsglede gjennom ei praktisk-pedagogisk tilnærming.
Forfattere:
ISBN:
9788211045812
Utgitt:
Utgave:
1
Sider:
320
Verk:
Tømrer
Trinn:
VG2, VG3
Tømrarboka