Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Språk
Bokmål Nynorsk
Format

Digital ressurs

12 md. abonnement

Digital ressurs i salg
111,-
inkl. mva

Klar, ferdig, norsk! Nettressurs (2020)

Det populære læreverket Klar, ferdig, norsk! er komme i revidert utgåve med fleire oppgåver og nye illustrasjonar. Den reviderte utgåva består av nettressurs, biletordbok og to arbeidsbøker, nivå 1 og 2.

Alle komponentane er delte inn i dei same ti temaa, og med Amin og familien hans frå Irak som gjennomgangsfigurar. Dette gir ei systematisk ord- og omgrepsinnlæring med eit heilskapleg og godt læringsutbytte for fleirspråklege elevar.

Klar, ferdig, norsk! er delt inn i desse temaa:
• Familie • Skole • Årstider • Kropp • Klede • Mat • Bustad • Natur • Fritid og kjensler • Transport

Nettressursen har eit rikt utval av motiverande, interaktive oppgåver i tråd med læreplanen i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar. Elevane får trene uttale og leseforståing, byggje opp ei trygg omgrepsforståing, og bli kjende med strukturar i det norske språket. Saman med arbeidsbøkene gjev nettressursen elevane grunnleggjande språklege og faglege ferdigheiter som dei treng for å ta del i ordinær opplæring - og i samtalar, diskusjonar og samfunnsliv. 

Nettressursen har òg:
• nytt design og grensesnitt
• lydstøtte på norsk
• ordlistefunksjonalitet på 26 språk
• integrert skrivetrening med moglegheit for tilbakemelding frå lærar
• eigen modul for lydtrening

Tilpassa bruk på PC, nettbrett og mobiltelefon.
Forfattere:
ISBN:
9788211031976
Utgitt:
Utgave:
2
Verk:
Klar, ferdig, norsk!
Klar, ferdig, norsk! Nettressurs (2020)