Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Wilhelm F.K. Christie
Forfattere:
ISBN:
9788245015850
Utgitt:
Utgave:
1
Sider:
400
Wilhelm F.K. Christie

Wilhelm F.K. Christie
Presidenten

I øvste enden av Christies gate i Bergen tronar Wilhelm Frimann Koren Christie på støtta si, vakta av ei løve. Støtta vart reist av borgarane i byen til minne om ein av Bergens store søner.

Wilhelm F.K. Christie (1778 1849) var stortingspresidenten som hadde ei stor del av æra for at Noreg fekk ei sjølvstendig stilling i unionen med Sverige. Denne boka følgjer Christie frå oppveksten i Kristiansund via studiar i København til ein karriere som framgangsrik embetsmann i Bergen. Han var ein del av den gamle embetsstanden, men blei ein viktig aktør for endring i 1814. Etter nokre år i rikspolitikken vigde Christie livet sitt til vitskapen. Han er mannen som i 1825 grunnla Bergen Museum, forløparen til Universitetet i Bergen.

Presidenten er den første biografien om Wilhelm Frimann Koren Christie.

Runar Jordåen (f. 1977) er historikar. Under arbeidet med biografien var han tilsett som forskar ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap ved Universitetet i Bergen. Han er no førstebibliotekar ved Universitetsbiblioteket i Bergen.