Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff

Soga om Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane er eit annleisfylke, blir det gjerne sagt. Her veks folketalet seinare enn i andre fylke. Byane er få og små. Men levekåra er betre og tryggare her enn andre stader. Soga om Sogn og Fjordane spør korleis det har vorte slik. Verket tek for seg utviklinga i landskap og bygder som kvar for seg har ei langt eldre historie enn fylket, men set også historia om området i samband med utviklinga utanfor.

Band 1 tek til då isbreane drog seg tilbake frå kyst og fjordar, og følgjer folk og samfunn gjennom vikingtid og mellomalder fram til opprettinga av Nordre Bergenhus amt i 1763.

Band 2 tek til med opprettinga av Nordre Bergenhus som eit eige amt i 1763, og syner mellom anna kor intenst ressursane innan fylket vart utnytta til livberging for folket i perioden som følgde.

Band 3 fortel om dei store endringane i jordbruk, fiske og industri frå siste del av 1800-talet, og om utbygginga av nye kommunikasjonar, institusjonar og organisasjonar som knytte fylket meir saman.

Band 4 syner korleis Sogn og Fjordane fekk del i utviklinga av det norske velstands- og velferdssamfunnet i tida etter andre verdskrigen, mellom anna gjennom ei storstilt kraftutbygging.

Harald Johannes Krøvel (f. 1970) er høgskulelektor i historie ved Høgskulen i Volda, der han underviser i eldre historie.

Harald Endre Tafjord (f. 1973) er førsteamanuensis i eldre historie ved Høgskulen i Volda, der han underviser i mellomalderhistorie.

Jan Anders Timberlid (f. 1951) er førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet og underviser i eldre norsk økonomisk og sosial historie (1600–1900). Han har skrive ei rekkje lokalhistoriske verk.

Oddmund Løkensgard Hoel (f. 1968) er førsteamanuensis i historie ved Høgskulen på Vestlandet, Sogndal. Han har mellom anna gjeve ut Norsk målreising II. Mål og modernisering 1868–1940 (2011).

Hege Roll-Hansen (f. 1967) var tilsett som førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane då ho skreiv boka. Ho har tidlegare skrive fleire oppdragshistoriske bøker.

Vil du vite meir om verket eller ha kontakt med nokre av forfattarane?

For kontakt med forfattarane
Oddmund Løkensgard Hoel 
oddmund.hoel@hvl.no 
970 21 194

For å vite meir om verket
redaktør Dag Grønnestad 
dag.groennestad@fagbokforlaget.no 
975 54 844

Spørsmål frå bokhandel om tinging eller media om presseeksemplar
marknadskonsulent Ingrid Krøvel-Velle 
ingrid.krovel-velle@fagbokforlaget.no 
975 54 811

Verket vert lansert fleire stader i fylket samstundes, og vi ynskjer alle velkommen til feiringa av historia og bokverket om Sogn og Fjordane.

Førde:
Tid: Tysdag 17. oktober, kl. 19-21
Stad: Festsalen i Førdehuset, Angedalsvegen 5
I Førde vil alle forfattarane og hovudredaktør Ola Svein Stugu vere tilstades.
Musikk ved Elias Eide.
Sjå Facebook-arrangement

Sandane:
Tid: Onsdag 18. oktober, kl. 19-21
Stad: Nordfjord Folkemuseum, Gota 16
På Sandane vil du møte Harald Endre Tafjord, Harald Krøvel (band 1) og Hege Roll-Hansen (band 4).
Sjå Facebook-arrangement

Sogndal:
Tid: Onsdag 18. oktober, kl. 19-21
Stad: De Heibergske Samlinger, Vestreim, Kaupanger
På folkemuseet vil du treffe Jan Anders Timberlid (band 2) og Oddmund L. Hoel (band 3).
Folkesong ved Krudlalaget.
Sjå Facebook-arrangement

Det heile er sjølvsagt gratis og alle er velkomne!

Bøker og digitale ressurser

lukk
Velg trinn
Velg språk
Vis kun