Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Utfordringar for skriveopplæring og skriveforsking i dag
Forfattere:
(Redaktør)
ISBN:
9788251921688
Utgitt:
Utgave:
1
Utfordringar for skriveopplæring og skriveforsking i dag

Utfordringar for skriveopplæring og skriveforsking i dag

Skriftleg kommunikasjon er blitt ein nøkkelkompetanse i dagens samfunn. Det blir skrive meir enn nokon gong før, både fagleg og privat, i utdanning og arbeidsliv. Vi sender e-post og SMS, skriv instruksjonar og rapportar, deltar i nettdiskusjonar og chat-grupper - for å nemna noko. Samstundes har mange av dei muligheitene som ligg i skrift til å lagra, sortera, vurdera og vidareutvikla kunnskap, ført til at skriving framstår som ein vesentleg kunnskapsstrategi og innovasjonsstrategi. Skriving er blitt viktig i alle fag - og i dei aller fleste arbeidssituasjonar. Skriving har altså fått ein sterk oppsving - og det har skjedd fort. Denne boka presenterer ei rekkje artiklar som alle kretsar kring utfordringar knytt til skriveopplæring og skriveforsking i dag.

Artiklane drøftar mellom anna følgjande tema: 
- kva kunnskap har vi faktisk om barn og unges skriveutvikling i dag?
- Korleis skjer eigentleg utviklinga? . kva inneber eit literacy-begrep tilpassa vår tid? 
- nettsamtalar og utvikling av digital skrivekompetanse. 
- korleis nyttar barn skriving i læringa si i ulike fag? 
- kven er risikoskrivarane i skolen - dei som skriv utan sikkerheitsnett? 
- kva skrivedidaktiske utfordringar har vi framfor oss?

Artiklane byggjer på presentasjonar på det nasjonale seminaret. "Utfordringar for skriveopplæring og skriveforsking i dag", arrangert av Høgskolen i Sør-Trøndelag, Avdeling for lærar- og tolkeutdanning, i Trondheim i juni 2005. Bidragsytarane er alle sentrale aktørar innanfor skriveforskingsmiljøet i Noreg.

På lager - sendes nå
289,-