Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Terrorisme i norsk strafferett
Forfattere:
ISBN:
9788245024371
Utgitt:
Utgave:
1
Sider:
358
Terrorisme i norsk strafferett

Terrorisme i norsk strafferett

Frå dei første terrorreglane kom i 2001, har det skjedd ei omfattande, stegvis utbygging av dei strafferettslege reglane mot terrorisme. Utviklinga har vore prega av stadig nye internasjonale krav og ei sterk forventing også nasjonalt om å «gjera noko» for å få slutt på terrorismen. Straffelova kapittel 18 inneheld difor ei lang rekkje reglar mot terrorhandlingar, terrorførebuing og deltaking i terrororganisasjonar og utanlandske væpna konfliktar.

Boka inneheld ein grundig, systematisk gjennomgang av dette regelsettet. Mange av rettsspørsmåla som vert tekne opp, har ikkje vore drøfta før. Det er lagt vekt på å få fram samanhengen med dei internasjonale reglane på området. Den gryande rettspraksisen i terrorsaker vert drøfta nærare, og det vert trekt parallellar til lovgiving og rettspraksis i andre land. Målsetjinga er å bidra til større klarleik og rettstryggleik i handhevinga av terrorreglane.

Forfattaren føretek også ei kritisk evaluering av reglane i lys av Grunnlova, menneskerettane og den strafferettslege tradisjonen. Spørsmålet som vert stilt, er korleis terrorreglane kan bli avgrensa og utforma slik at dei representerer eit vern av og ikkje ein trussel mot rettsstaten.

Erling Johannes Husabø er professor i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen.