Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Stadnamn i Rogaland
Forfattere:
ISBN:
9788276748796
Utgitt:
Utgave:
1
Sider:
302
Stadnamn i Rogaland

Stadnamn i Rogaland

Rogaland har mange gamle namn som er vanskelege å skjøna. Mange av dei inneheld ord som er ukjende for folk flest i dag. Stadnamna er kulturminne som gjev oss opplysningar om natur, samfunn, arbeidsliv og førestellingar i tidlegare tider, og – ikkje minst – om språket vårt. Stadnamn i Rogaland gjev forklaring på dei mest nytta og viktigaste stadnamna og namneledda i Rogaland. Her er òg opplysningar om eldre skrivemåtar og dialektuttale, og tilvising til litteratur der namna er omtala.

Inge Særheim er professor i nordisk språkvitskap og tidlegare prorektor ved Universitetet i Stavanger. Han har leia ei stor innsamling av stadnamn i Rogaland og har skrive fleire bøker om dette emnet.