Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Publikum på alle kantar
Forfattere:
ISBN:
9788245017892
Utgitt:
Utgave:
1
Sider:
240
Publikum på alle kantar

Publikum på alle kantar
Ei stemmehandbok

Er du ein person som treng å bruke stemma i arbeidet ditt, eller som har lyst til å få ei betre stemme og bli tryggare i formidling generelt? Kanskje du skal lære bort munnlege ferdigheiter til elevar? Her har du ei lettlesen bok med gode råd og tips til korleis du kan utvikle, trene og ta vare på eiga og andre si stemme.

I boka finst det ei enkel innføring i korleis stemma fungerer, øvingar for å finne den gode stemma, korleis bruke stemma optimalt, gode tips og råd til korleis ein kan halde stemma ved like, og korleis ein kan reparere stemma etter kraftig eller feil bruk. Korleis kan du betre uttala di? Korleis kan du takle ulike romakustiske forhold og nervøsitet?

Publikum på alle kantar høver for skodespelarar, lærarar, journalistar, politikarar, prestar, treningsinstruktørar og mange, mange fleire. Alle desse veit kor mykje ei godt fungerande stemme betyr i møtet med tilhøyrarane.

Eldbjørg Lognvik er logoped og har mange års erfaring som stemmepedagog ved Kunsthøgskolen i Oslo, Teaterhøgskolen. Ho har halde stemmekurs, drive stemmebehandling og har rettleia i stemmebruk både innanfor film og teater og private og offentlege verksemder.

«Jeg vil anbefale alle som har lyst til å gjøre seg bevisst sin egen kropp og stemme, og som skal snakke i større forsamlinger, å lese denne boken. Jeg jobbet med Eldbjørg på Teaterhøgskolen og har dratt stor nytte av teknikkene hun lærte meg. På teaterscenen har de vært uvurderlige, og også da jeg skulle lære meg dansk, og når jeg skal lese inn lydbøker eller være animerte karakterer i tegnefilm.» - Jakob Oftebro, skuespiller