Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Norsk pedagogisk faghistorie
Språk
Nynorsk
Format

Heftet

Bestill vurderingseksemplar
For lærere, fagansvarlige og forelesere
På lager - sendes nå
589,-

Norsk pedagogisk faghistorie
Utdrag frå formidling, forsking og debatt

Boka presenterer utdrag frå framveksten av norsk pedagogisk forsking og gir ei innføring i formidlinga av faget med vekt på utvalde idear, personar, institusjonar og kontekstar. Utviklinga frå mellomkrigstida blir vektlagd.

Pedagogikkfaget og utdanningsvitskapen vi ser i dag, har historiske røter, og i denne framstillinga vil ein finne bakgrunnsstoff for å forstå meir av den dagsaktuelle debatten om faget.

Dei siste tiåra har det komme fleire avhandlingar, antologiar og artiklar om pedagogikk som undervisningsfag og forskingsdisiplin. Ein har derimot sakna samanfattande framstillingar. Denne boka gir ein slik presentasjon.

Boka gir eit utdrag av den historiske utviklinga og byggjer både på primærkjelder og på tidlegare faghistoriske forskingsarbeid.

Jostein Sæther er professor i pedagogikk ved Norsk Lærerakademi. Han har særleg forska innanfor faghistorie med vekt på pedagogisk psykologi og vitskapsteori, dessutan på verdispørsmål i naturfag.

Forfattere:
ISBN:
9788245011739
Utgitt:
Utgave:
1
Sider:
258
Norsk pedagogisk faghistorie