Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Musikk i perspektiv 2
Forfattere:
ISBN:
9788245009163
Utgitt:
Utgave:
1
Sider:
354
Musikk i perspektiv 2

Musikk i perspektiv 2

Musikk i perspektiv 2 er ei vidareføring av Musikk i perspektiv 1. Framstillinga av musikken på 1900-talet er inndelt i fire store delar. Første del omfattar tida frå omkring 1875 til den første verdskrigen, andre del mellomkrigstida og den andre verdskrigen, medan tredje del strekkjer seg frå 1945 til 1975. Fjerde del tek for seg perioden frå 1975 og fram til i dag.

Forfattarane skriv om endringar i populærmusikk og jazz saman med endringane i kunstmusikken. Skal vi sjå musikken i perspektiv, bør vi plassere omtalen av all musikk der han høyrer heime i tid, slik at vi kan sjå alle sjangrane i lys av same samtid og i forhold til samtidige historiske prosessar.

Boka dekkjer læreplanen i faget musikk i perspektiv 2 i programområdet musikk, dans og drama i den vidaregåande skolen.


Hans Jacob Tronshaug har musikkvitskap hovudfag og musikkvitskapleg doktorgrad. Han underviser ved Nord-Østerdal videregående skole og er dessutan organist.

Svein Tørnquist har musikkvitskap hovudfag og underviser i musikk og historie ved Stord vidaregåande skule.