Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Lovens speil
Språk
Flerspråklig
Format

Innbundet

Bestill vurderingseksemplar
For lærere, fagansvarlige og forelesere
På lager - sendes nå
529,-

Lovens speil
Høgsterett 200 år

Rett i norsk Høgsterett vart sett første gong den 30. juni i 1815. Domstolen var meint å ha verken kraft eller vilje, men skulle døme strengt etter Stortinget sine lover. Den skulle uvilkårleg spegle lovene som lovgivar vedtok, utan sjølv å ha ei meining om dei. Men tidleg viste domstolen både kraft og vilje til å vere ein del av statsmakta gjennom å ta ei aktiv og samfunnsregulerande rolle. Høgsterett vart like mykje ein samfunnsspegel som ein lovspegel. Korleis har Høgsterett brukt sin posisjon som den øvste domstolen i Noreg dei siste 200 åra? Og korleis har domstolen samvirka med det norske samfunnet? Denne antologien kastar lys over desse spørsmåla, dels ved å sjå korleis Høgsterett har utøvd verksemda si i meir konkrete saker, dels ved å sjå på rammene for korleis Høgsterett utøvde verksemda si som samfunnspolitisk institusjon, og korleis Høgsterett si verksemd har blitt kommunisert offentleg.

Frode Ulvund (f. 1969) er dr.philos. og professor i historie ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, Universitetet i Bergen.

Jørn Øyrehagen Sunde (f. 1972) er dr. juris og professor i rettshistorie ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen.

Forfattere:
ISBN:
9788245018097
Utgitt:
Utgave:
1
Sider:
215
Lovens speil