Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Lesedilla: Kort forklart
Forfattere:
ISBN:
9788211023148
Utgitt:
Utgave:
1
Verk:
Nynorske læreverk
Trinn:
7
Lesedilla: Kort forklart

Lesedilla: Kort forklart
Digitalt bibliotek

Kort forklart er eit digitalt verk med 31 bøker som dekkjer sentrale tema innanfor samfunnsfag og naturfag. Verket er laga spesielt for fleirspråklege elevar på mellomtrinnet i tilknyting til morsmålsopplæring og grunnleggjande norskopplæring. Det passar òg for norskspråklege elevar som trengjer tilpassa tekstar eller fagleg påfyll. I Kort forklart får du:

  • Biletrike bøker som eignar seg til trening av munnlege ferdigheiter.
  • Integrert ordliste med støtte for over 25 språk.
  • Høve for elevane til å ta eigne notat i bøkene.
  • Interaktive oppgåver i slutten av kvar bok til bruk i klasserommet eller heime.

Bøkene er biletrike og eignar seg godt til trening av munnlege ferdigheiter. Den integrerte ordlista, med støtte for over 25 språk, legg til rette for at elevane kan jobbe med bøkene på eiga hand. Kvar bok har dessutan interaktive oppgåver som eignar seg godt til arbeid i klasserommet og til heimearbeid og omvendt undervisning.

Verket er forankra i kompetansemåla etter 7. trinn, og verket kan òg nyttast i grunnskuleopplæringa for vaksne.

I Kort forklart – Pakkeløysing får du tilgang til alle dei 31 d-bøkene på nynorsk med innlesen tekst på målforma. Ta kontakt med oss for tilbod på klassesett og skulelisens.

Kort forklart er ein del av Lesedilla, Fagbokforlaget sitt nye digitale bibliotek, som blir lansert i 2019.

Format
Språk
Digital ressurs i salg
Antall
19,-

Bøker i samme serie