Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Dekalogen
Språk
Flerspråklig
Format

Innbundet

Bestill vurderingseksemplar
For lærere, fagansvarlige og forelesere
På lager - sendes nå
619,-

Dekalogen
13 essay om menneske og samfunn i skjeringspunktet mellom rett og religion

På Sinai mottok Moses to steintavler med ti bod. Desse bodorda, Dekalogen, har kome til å spela ein sentral rolle innan både jøde- og kristendom, og har samstundes vorte ein del av kultur- og rettshistoria. For det finst ein viss parallellitet mellom Dekalogen og fundamentale moralske førestillingar uavhengig av religion. Behovet for heilaggjering, for vern om liv og eigedom, for sanning og truskap er ikkje spesifikt jødisk, kristent eller religiøst, men allmennmenneskeleg. Dei ti bodorda kan dermed fortelja oss noko om tilhøvet mellom rett og religion i nordisk og europeisk rettshistorie. Men Dekalogen har òg ein tidlaus og allmenn dimensjon og kan difor seia oss noko om grunnleggjande førestillingar som har vore med og regulert mellommenneskelege samkvem. Begge delar vert vist fram gjennom det rettshistoriske perspektivet som ligg til grunn for essaya i denne antologien. Meir enn noko anna er det mangfald som pregar den rolla Dekalogen har spela i retten opp gjennom historia. Det har difor vore viktig at denne antologien skal reflektera dette mangfaldet. Av den grunn er bidragsytarane frå alle dei nordiske landa, og dei har skrive på bokmål, nynorsk, svensk, finlandsvensk og dansk. Temavala spenner frå ærekjensle til militær intervensjon, frå seksuell utukt til reglar om søndagsstengde butikkar. Tidsmessig spenner bidraga frå høgmellomalderen og fram til i dag. Eit ytterlegare bidrag til mangfaldet er at antologien er illustrert med svartkvitt fotografi for å gje teksten endå ein kommunikativ dimensjon. Denne antologien vil òg verta lest på bakgrunn av mange motiv, og på mange måtar. Slik vil du – lesaren – bidra til det mangfaldet som vi – forfattarar, fotograf, redaksjonsassistent og redaktør – har freista å visa fram.
Forfattere:
(red.)
ISBN:
9788245005585
Utgitt:
Utgave:
1
Sider:
249
Dekalogen