Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Frå Evita til Cristina
Språk
Nynorsk
Format

Innbundet

Bestill vurderingseksemplar
For lærere, fagansvarlige og forelesere
På lager - sendes nå
529,-

Frå Evita til Cristina
Om anarkismen, peronismen og kampen mot nyliberalismen

Det er ei gåte korleis Argentina i det 20. hundreåret gjekk frå å vera eitt av dei rikaste landa i verda til å bli nærast underutvikla. Frå Evita til Cristina er ei bok som freistar å gi svar på korleis det kunne skje. Boka gir deg samstundes innsiktsfulle analysar og historiske tilbakeblikk for å forstå kva som skjer i eitt av dei viktigaste landa i Latin-Amerika.

Argentina har vore som eit laboratorium der ein har prøvd ut ulike ideologiar. I denne boka tek Johannes Nymark særleg opp tre eksperiment: anarkismen, som hadde som mål å skapa eit idealsamfunn; peronismen, som skulle vera eit alternativ til både kapitalisme og kommunisme; og nyliberalismen, som enda i finanskrise og sosialt opprør i 2001.

Desse tre eksperimenta blir analyserte med ei mengd fakta, nye opplysningar og innfallsvinklar, som ikkje er så godt kjende i vår del av verda. Dessutan tek Nymark opp mytologiseringa av tangoen med Gardel, politikken med Evita og fotballen med Maradona.

Johannes Nymark (fødd 1949) har i heile sitt vaksne liv studert historia og følgt utviklinga i Latin-Amerika. Det har han gjort både i forsking og undervisning, først ved Universitetet i Oslo og sidan ved Norges Handelshøyskole, og som solidaritetsarbeidar, mellom anna i Latin-Amerika-gruppene i Noreg. Nymark har skrive fleire artiklar om Latin-Amerika i dagspresse og i tidsskrift, og han har gitt ut læreboka Historia de España y de Hispanoamérica på Fagbokforlaget (1994).

«Nymarks bok er spesielt verdifull fordi den både trekker historiske linjer, slår ned på viktige samfunnsforhold og setter det hele inn i ideologiske rammer.» - Henry Notaker, forfattar og tidlegare utanriksreporter i NRK

«Johannes Nymark skildrar desse drastiske ideologiske eksperimenta med stor kunnskap og på ein måte som gir dei allmenn interesse.» - Kjartan Fløgstad, forfattar

Forfattere:
ISBN:
9788245007138
Utgitt:
Utgave:
1
Sider:
268
Frå Evita til Cristina