Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Dei siste bondestudentane
Språk
Nynorsk
Format

Innbundet

Bestill vurderingseksemplar
For lærere, fagansvarlige og forelesere
På lager - sendes nå
319,-

Dei siste bondestudentane
Hordaland fylkeskommunale gymnas 1950-1965 - slik elevar og lærarar såg det

Hordaland fylkeskommunale gymnas var den private mellomskulen, fødd i armod av Vestlandske Mållag, boren fram frå hand til munn av lærarar som kjende ansvar for landsungdom som elles berre møtte stengde dører. Gymnaset, med forgjengarane Den norske millomskulen og Den norske realskulen, drukna i 1965 i skulereformene der einskapsskulen, ungdomsskulen og dei vidaregåande skulane kom til. Landsgymnasa var på 1960-talet symbolet på alt vondt: Dei var eliteskular. Porten inn til dei var inntaksprøver og hardhendt poengteljing. Nokre av dei var også det som var endå verre: Dei var private.Dette er ei minnebok om ein skule og ei tid som ikkje må gløymast. Kvart ord er skrive av no litt aldrande menneske som levde nokre år på denne merkelege skulen, på pultar eller kateter. Boka er skriven i ei tid der den offentlege einskapsskulen får følgje av stadig fleire privatskular. Kanskje vi enno treng skular der kvar einskild ungdom har høve til å velja sin eigen veg?
Forfattere:
(red.)
ISBN:
9788251407144
Utgitt:
Utgave:
1
Sider:
128
Dei siste bondestudentane