Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Økologisk plantekultur 1
Forfattere:
ISBN:
9788276743869
Utgitt:
Utgave:
1
Sider:
336
Økologisk plantekultur 1

Økologisk plantekultur 1

Økologisk plantekultur er eit læreverk i to bind som dekkjer læreplanmåla for dei to studieretningsfaga Plantekultur VK1 og Plantekultur VK2 i økologisk landbruk på studieretning for naturbruk.

Økologisk plantekultur 1 tek for seg grunnleggjande emne innanfor plantekultur, som til dømes generell plantebiologi, vekstskifte, ugras og skadeorganismar, planteforedling, planteoppal og formeiringsmåtar. I tillegg inneheld boka omfangsrike kapittel om korn, ert og potet.

Økologisk plantekultur 2 byggjer på Økologisk plantekultur 1 og held fram med gjennomgang av dei andre mat- og fôrvekstane som er aktuelle i Noreg. Vi finn også omtale av lager og lagringsmåtar, litt om foredling og konservering og om produktkvalitet.

Forfattarane har arbeidd med økologisk landbruk i teori og praksis sidan tidleg på 1980-talet.

Olav Arnar Bø er sivilagronom med studieretning allsidig jordbruk. Han har vore lektor på Sogn Jord- og Hagebruksskule sidan 1978, mellom anna i plantekultur. Det meste av tida har han også hatt medansvar for drifta av den økologisk og allsidig drivne skulegarden. Sidan 1989 har han drive økologisk gard i Vik i Sogn saman med familien.

Bjørg Fritsvold er sivilagronom med studieretning allsidig jordbruk. Ho har lenge vore engasjert i økologisk landbruk og har sidan 1996 vore dagleg leiar for Ressurssenteret ved Sogn Jord- og Hagebruksskule. Ho er medforfattar av boka Omlegging til økologisk landbruk, som er utgjeven av Landbruksforlaget. Bjørg Fritsvold har sidan 1984 drive økologisk gard i Fresvik i Sogn saman med familien.