Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Rettslære 1 (2017) d-bok
Forfattere:
ISBN:
9788211023384
Utgitt:
Utgave:
5
Sider:
350
Rettslære 1 (2017) d-bok

Rettslære 1 (2017) d-bok
For programfaget rettslære

Læreboka er skriven for programfaget rettslære 1 i studiespesialiserande
programområde i den vidaregåande skolen. Læreverket består av
- Lærebok
- Lovsamling (blir oppdatert kvart år)
- Fagnettstad for elev og lærar

Denne femte utgåva av Rettslære 1 er ei heilt ny bok i forhold til tidlegare
utgåver. Familieretten er omstrukturert og utvida med nytt stoff. Det har
derfor vorte ei meir samla framstilling av sentrale lover som barnelova,
verjemålslova og ekteskapslova. Arveretten er grundigare framstilt på
sentrale område, til dømes om livsdisposisjonar og dødsdisposisjonar,
medrekna testament. Likestillingsretten og arbeidsretten er
omstrukturerte, og viktige delar om tilsetjing, oppseiing og avskjed
har fått ei grundigare behandling. Strafferetten er skriven heilt om på
grunnlag av ny straffelov.

Hasse Bergstrøm er cand.jur. og cand.oecon. frå Universitetet i Oslo. Han
har meir enn 35 års erfaring frå undervisning i den vidaregåande skolen
og ein del år ved lærarutdanninga (ILS) ved UiO. Han har lang erfaring som
lærebokforfattar.