Arbeidsbøkene på 2. trinn legg opp til eit systematisk arbeid med grunnleggjande ferdigheiter. Kvart kapittel er delt inn i fire rike: Leseriket, Taleriket, Språkriket og Skriveriket.
Leseriket inneheld oppgåvene til Lesebok 2A. Oppgåvene er delte inn i kategoriane forstå, hugse og tenkje, alt etter kva nivå i leseforståinga elevane øver.
Taleriket gjennomgår og øver munnlege ferdigheiter.
Språkriket inneheld grammatikk- og rettskrivingsoppgåver.
Skriveriket øver opp skriveferdigheitene. Her blir det lagt opp til at elevane skal skrive etter eksempeltekstar frå byrjinga av.
Supplerande oppgåver finst på nettressursen og i kopioriginalane i lærarrettleiinga.
Ordriket 2. trinn:
Lesebok 2A og 2B
Arbeidsbok 2A og 2B
Lærarrettleiing 2
Digitale bøker og nettressurs på ordriket.no
Ordriket arbeidsbok 2A, d-bok er ein digital utgåve av papirboka. Med d-boken opnar det seg nye moglegheiter og den er tilpassa bruk på PC, Mac og nettbrett.
Ordriket arbeidsbok 2A, d-bok har følgjande funksjonalitet:
- Lyd
- Utheving og notatar
- Slå opp i ordbøker, søkemotorar og leksikon på nett
- Lagre og skrive ut uthevingar og notat
- Favorittmerke sider
- Søkje etter ord eller frasar
Sjå www.fagbokforlaget.no/d-bok for meir informasjon.