Ordriket 1–7Ordriket er eit prisvinnande norskverk for heile barnetrinnet. Verket legg opp til eit systematisk arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, samtidig som det fremmer leselyst og leseglede.
Lesebok 2B
I lesebøkene på 2. trinn følger vi Ina og Sam på jakt etter ein tjuv som har vore på ferde på skolen deira. Undervegs i jakta oppstår situasjonar som dannar utgangspunkt for samtale og undring gjennom eit tverrfagleg og variert tekstutval.
Kvart kapittel presenterer eit tekstutval i forskjellige sjangrar og med ulik vanskegrad. Tekstane blir presentert i to nivå, og kvar tekst er rikt illustrert. Dette gir alle elevar moglegheit til å kunne delta på eigne premissar. Tekstane i leseboka er henta frå både den nyaste barnelitteraturen og frå kjende klassikarar.
Leseboka finst også i digital utgåve.
Oppgåver til tekstane finst i Arbeidsbok 2B.