Lese- og skrivebok 1 er ei arbeidsbok som gir elevane meir trening i lesing og skriving. Ho kan brukast parallelt med Bokstavboka eller etter at alle bokstavane er gjennomgått. Ho kan òg brukast heilt uavhengig av dei andre bøkene på 1. trinn.
Lese- og skriveboka har 10 kapittel. De sju første kapitla korresponderer med bokstavgruppene i Lesebøkene og Bokstavboka. Dei tre siste kapitla står til avslutninga av jakta på bokstavtjuven i Lesebok 1B.
I kvart kapittel blir fleire ferdigheiter øvde inn. Først og fremst gir boka trening i lesing og skriving. Boka inneheld tekstar i ulike sjangrar og med varierande vanskegrad. Desse tekstane dannar også eit fint utgangspunkt for skrivinga til elevane. I tillegg repeterer kvart kapittel bokstavane i den aktuelle bokstavgruppa og gir trening i språk og omgrep.
Ordriket lese- og skrivebok, d-bok er ein digital utgåve av papirboka. Med d-boken opnar det seg nye moglegheiter og den er tilpassa bruk på PC, Mac og nettbrett.
Ordriket lese- og skrivebok, d-bok har følgjande funksjonalitet:
- Lyd
- Utheving og notatar
- Slå opp i ordbøker, søkemotorar og leksikon på nett
- Lagre og skrive ut uthevingar og notat
- Favorittmerke sider
- Søkje etter ord eller frasar
Sjå www.fagbokforlaget.no/d-bok for meir informasjon.