Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Lesedilla livsmeistring - Toget
Forfattere:
(Illustratør)
ISBN:
9788211029003
Utgitt:
Utgave:
1
Sider:
28
Trinn:
8
Lesedilla livsmeistring - Toget

Lesedilla livsmeistring - Toget
Ei historie om einsemd

Bøkene i Fagbokforlaget sin livsmeistringsserie fortel historier om vonde opplevingar og tilstandar ting det er vanskeleg å innrømme, setje ord på og å snakke om. Dette er også historier som mange born og unge vil kjenne seg igjen i. Bruk bøkene til å setje ord på di historie. Historiene finst som digitale bøker med innlesen tekst på heimesida til Lesedilla, det digitale lesebiblioteket frå Fagbokforlaget.

TOGET

Barnet til Lokføraren vart fødd med sideskill.
Alle hårstråa låg korrekt frå første dag.
Heile tida.
Sjølv etter ei god natts søvn.

Barnet til Lokføraren vart fødd stille og roleg.
Gråt aldri.
Berre ynka seg litt,
når det var svolte eller litt trøytt.

TOGET er ei historie om einsemd.
Om å vere så flink at du nesten blir gløymd.
Ei historie om at jobben blir viktigare enn familien.
Om at det ikkje er meininga at ein skal klare alt aleine.

Kjenner du deg att eller veit om nokon som ikkje har det bra?
Vil du snakke meir om dette temaet?
Vis boka til ein du stoler på.
Ikkje gi deg før nokon vil snakke med deg eller hjelper deg.

TOGET er ei bok i Fagbokforlagets livsmeistringsserie.