Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Tett på praksis
Forfattere:
ISBN:
9788245004465
Utgitt:
Utgave:
1
Sider:
172
Tett på praksis

Tett på praksis
Innføring i pedagogisk feltforskning

Tett på praksis er ei spennande innføring i pedagogisk feltforsking. Forfattaren presenterer studiar av tre ulike skular – ein norsk barneskule, ein norsk ungdomsskule og ein sørafrikansk vidaregåande skule. Eit felles trekk ved desse skuleportretta er ei empirinær og praksisorientert fremstilling. Med utgangspunkt i desse konkrete studiane drøfter Fuglestad sentrale tema i pedagogisk feltforsking: tilgang til feltet, utvikling av forskarrolla og metodar for innsamling av materiale.
Tett på praksis prøver å fanga den komplekse skulerøyndomen på måtar som lærarar og elevar kjenner seg igjen i. Slike empirisk baserte studiar kan danna eit betre grunnlag for konkret utviklingsarbeid enn generelle utdanningspolitiske målformuleringar og intensjonar.

Otto Laurits Fuglestad er professor i pedagogikk. Han har publisert fleire artiklar og bøker, og har allsidig erfaring frå undervisning og leiing.