Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Tetra 8 Grunnbok NYN
Forfattere:
(Illustratør)
ISBN:
9788252163810
Utgitt:
Utgave:
1
Verk:
Tetra
Trinn:
8
Tetra 8 Grunnbok NYN

Tetra 8 Grunnbok NYN
Matematikk for ungdomstrinnet

Tetra er eit matematikkverk for 8.-10. trinn.

Verket har alt for kvart årstrinn i éi elevbok: differensierte oppgåver, leksedel, regelsamling og fasit. Kapittelinndelinga i
Tetra er knytt nært opp til hovudområda i læreplanen slik at det er oversiktleg å orientere seg i fagstoffet. Stoffet er strukturert i tre differensieringsnivå med definerte kompetansemål. Etter eit innleiande felleskurs kan eleven velje vanskegrad for det neste kurset på grunnlag av ein innlagd test – lett å administrere for læraren, lett å velje for eleven.

I
Tetra er språket enkelt og matematisk korrekt. Oppgåvene er mange og varierte med mellom anna utfordrande oppgåver for elevar som vil ha noko å bryne seg på. Læraren kan lett velje arbeidsformer for elevane og veksle mellom individuelt arbeid og samarbeid. Fargerike illustrasjonar og foto motiverer og skaper interesse for det matematiske emnet.

Tetra 8 Grunnbok tek opp desse emna:

• statistikk
• tal
• algebra
• geometri og måling
• brøk
• draumereisa


I tillegg har
Tetra 8 regelsamlinga Verktøykassa og fasit.

Bøker i samme serie