Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Synposis Handbok, d-bok
Forfattere:
(Illustratør)
ISBN:
9788211035158
Utgitt:
Utgave:
1
Sider:
300
Verk:
Synopsis
Trinn:
8
Synposis Handbok, d-bok

Synposis Handbok, d-bok
Norsk for ungdomstrinnet

Synopsis er Fagbokforlagets heilt nye læreverk i norsk for ungdomstrinnet. Det er tilpassa fagfornyinga og gir praktisk støtte til eleven og fridom for læraren til å leggje opp undervisninga utan å vere bunden av eit løp læreboka har bestemt. Ordet Synopsis er gresk og tyder overblikk, og det er nettopp dette Synopsis gir: eit overblikk over norskfaget, som i lys av den nye læreplanen er eit overblikk over den moderne verda og informasjonen elevane møter gjennom alle kanalar.


Læreverket Synopsis består av desse hovudkomponentane:

  • Synopsis Handbok 8–10, trykt og digital utgåve med lyd
  • Synopsis Lesebok 8–10, trykt og digital utgåve med lyd
  • Synopsis nettressurs lærar: planleggingsverktøy, undervisningsopplegg og støtte til vurdering
  • Synopsis nettressurs elev: digitalt oppslagsverk, grammatikk og mykje ekstra fagleg innhald og oppgåver
Handboka fungerer som eit oppslagsverk, der elevane finn praktiske rettleiingar og annan teori. I Leseboka løftar ein dei tverrfaglege temaa fram gjennom eit breitt utval tekstar. Synopsis nettressurs lærar inneheld mange gode undervisningsopplegg knytte til boka som kan lastast direkte ned og er klare til bruk i klasserommet.


I Synopsis nettressurs elev kan eleven søkje på relevante fagomgrep i eit digitalt oppslagsverk. Nettressursen vil etter kvart bli supplert med ein grammatikkressurs. Bøkene finst også tilgjengelege som d-bøker for både lærar og elev.


Synopsis, d-bok er ei digital utgåve av papirboka. Med d-boka opnar det seg nye moglegheiter, og ho er tilpassa bruk på PC, Mac og nettbrett.


Synopsis, d-bok har følgjande funksjonalitet:

  • Utheving og notat
  • Slå opp i ordbøker, søkjemotorar og leksikon på nett
  • Lagre og skrive uthevingar og notat
  • Favorittmerkje sider
  • Søkje etter ord og frasar


Format
Språk
Forventes i salg 21.04.2020
Antall
149,-

Bøker i samme serie