Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Sykdom
Forfattere:
ISBN:
9788245003550
Utgitt:
Utgave:
1
Sider:
552
Sykdom

Sykdom
Nord-Norge før 1940

Sjukdom grip inn i dagleglivet, skaper nytt ansvar og kan føre til nye samfunnsmessige ordningar. Boka fortel om korleis sjukeomsorga i Nord-Norge har utvikla seg i eit samspel mellom heimane, dei offentlege ordningane og den frivillige innsatsen. Ho byggjer på omfattande kjeldestudiar, og legg fram nytt og ofte overraskande stoff om ei side ved fortida som både er nær og ukjent. Personane sjølve kjem til orde: Dei sjuke i gamme, stue eller fiskarbåt, familiar og naboar, legdsfolk og distriktslegar, foreiningskvinner og søstre på institusjonane i tuberkulosetida. Gjennom landsdelsperspektivet blir spenningar mellom lokale og sentrale interesser tydelege.

Boka er kulturhistorie og sosialhistorie skriven for lesarar i heile landet, på eit område som fangar stadig større interesse internasjonalt. Ho er rikt illustrert med historiske fotografi.

Ingunn Elstad er sjukepleiar og magister i filosofi, og arbeider ved Høgskolen i Tromsø og Universitetet i Tromsø.

Torunn Hamran er sjukepleiar og cand.polit. i samfunnsvitskap, og arbeider ved Universitetet i Tromsø.