Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Soga om Sogn og Fjordane III
Språk
Nynorsk
Format

Innbundet

På lager - sendes nå
619,-

Soga om Sogn og Fjordane III
Fjordfylket på nye vegar, 1875-1945

Sogn og Fjordane er eit annleisfylke, blir det gjerne sagt. Her veks folketalet seinare enn i andre fylke. Byane er få og små. Men levekåra er betre og tryggare her enn andre stader. Soga om Sogn og Fjordane spør korleis det har vorte slik. Verket tek for seg utviklinga i landskap og bygder som kvar for seg har ei langt eldre historie enn fylket, men set også historia om området i samband med utviklinga utanfor.

Band 3 fortel om dei store endringane i jordbruk, fiske og industri frå siste del av 1800-talet, og om utbygginga av nye kommunikasjonar, institusjonar og organisasjonar som knytte fylket meir saman.

Forfattaromtale:
Oddmund Løkensgard Hoel (f. 1968) er førsteamanuensis i historie ved Høgskulen på Vestlandet, Sogndal. Han har mellom anna gjeve ut Norsk målreising II. Mål og modernisering 1868 1940 (2011).

Forfattere:
ISBN:
9788245019162
Utgitt:
Utgave:
1
Sider:
320
Verk:
Soga om Sogn og Fjordane
Soga om Sogn og Fjordane III