Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Rettslære 1 (2021), d-bok
Format

Digital ressurs

12 md. abonnement

Innbundet

Digital ressurs i salg
219,-

Rettslære 1 (2021), d-bok
For programfaget rettslære

Læreboka er skriven for programfaget rettslære 1 i studiespesialiserande programområde i den vidaregåande skulen etter Kunnskapsløftet 2020. Dette er 6. utgåve av Rettslære 1.

Læreverket omfattar
  • lærebok
  • lovsamling som blir oppdatert kvart år
  • nettressursar for elevane og læraren
  • læreboka SVAR – slik løyser du oppgåver i rettslære

Den nye læreplanen har eit prinsipp om utforsking. Elevane skal kunne utforske og drøfte ei rettshistorisk eller dagsaktuell juridisk problemstilling. Det er derfor eit nytt Kapittel 10 Juridiske problemstillingar som saman med nettressursar gjev rettleiing og døme på korleis de kan gjere dette. Kapitla har også fått nye «Djupdykk»-oppgåver som skal motivere elevane til å bli nysgjerrige og gjere sjølvstendige undersøkingar.

Det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap har ført til eit nytt kapittel 1 om Noreg som rettsstat.

Med den nye læreplanen er det også endringar i kva for rettsområde som er med i Rettslære 1. Strafferetten er bytt ut med forbrukarkjøpsrett og enkel avtalerett. Familieretten er omstrukturert. Barnelova er behandla i eit eige kapittel om mindreårige og kva som er til beste for barnet, og reglane i ekteskapslova om inngåing og oppløysing av samliv har fått eit eige kapittel om ekteskap og sambuarskap. Reglane om deling av formue ved oppløysing av samliv er ikkje lenger med i læreplanen og boka. Det er heller ikkje reglane i verjemålslova om rettsevna til mindreårige. Arveretten er omskriven og tilpassa ny arvelov. Likestillings- og diskrimineringsrett og arbeidsrett har fått kvart sitt kapittel, der reglar om trakassering og varsling har fått ein langt meir framskoten plass.

Hasse Bergstrøm er cand.jur og cand.oecon frå Universitetet i Oslo. Han har meir enn 40 års erfaring med undervisning i den vidaregåande skulen, medrekna fleire år ved lærarutdanninga (ILS) ved UiO. Han har lang erfaring som lærebokforfattar.

Forfattere:
ISBN:
9788211042910
Utgitt:
Utgave:
6
Sider:
328
Verk:
Rettslære
Trinn:
VG2
Rettslære 1 (2021), d-bok