Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Rettslære 1 (2017)
Forfattere:
ISBN:
9788211023377
Utgitt:
Utgave:
5
Sider:
350
Verk:
Rettslære
Trinn:
VG1
Rettslære 1 (2017)

Rettslære 1 (2017)
For programfaget rettslære

Læreboka er skriven for programfaget rettslære 1 i studiespesialiserande
programområde i den vidaregåande skolen. Læreverket består av
- Lærebok
- Lovsamling (blir oppdatert kvart år)
- Fagnettstad for elev og lærar

Denne femte utgåva av Rettslære 1 er ei heilt ny bok i forhold til tidlegare utgåver. Familieretten er omstrukturert og utvida med nytt stoff. Det har derfor vorte ei meir samla framstilling av sentrale lover som barnelova, verjemålslova og ekteskapslova. Arveretten er grundigare framstilt på sentrale område, til dømes om livsdisposisjonar og dødsdisposisjonar, medrekna testament. Likestillingsretten og arbeidsretten er omstrukturerte, og viktige delar om tilsetjing, oppseiing og avskjed har fått ei grundigare behandling. Strafferetten er skriven heilt om på grunnlag av ny straffelov.


Hasse Bergstrøm er cand.jur. og cand.oecon. frå Universitetet i Oslo. Han
har meir enn 35 års erfaring frå undervisning i den vidaregåande skolen
og ein del år ved lærarutdanninga (ILS) ved UiO. Han har lang erfaring som
lærebokforfattar.

Bøker i samme serie