Read Me! er eit sett differensiert undervisningsmateriell i engelsk for elevar på mellomtrinnet.
Materiellet er samla i ein boks som inneheld:
- åtte lettleshefte i tre ulike vanskegradar
- to CD-plater med alle hefta innlesne
- ei ressursbok for læraren
Dei åtte lesehefta er:
- Camping Mystery
- The Kind Lion
- The Wadi
- Viking Family
- Weird Creatures,
- Solskjær - a Football Legend
- The Old Man and the Sea
- The Swan Knight
Ressursboka inneheld artiklar om arbeid med lettlesbøker. Ho har også framlegg til korleis hefta kan brukast i undervisninga og ei rekkje oppgåver knytte til hefta.
I tillegg til materiellet i boksen er det ein eigen nettstad med oppgåver og lydspor til alle hefta.
Alle bøkene er lesne inn på CD-platene. Dei er også tilgjengelege på nettstaden.