Arbeidsbøkene på 3. trinn legg opp til eit systematisk arbeid med grunnleggjande ferdigheiter. Kvart kapittel er delt inn i fire rike: Leseriket, Taleriket, Språkriket og Skriveriket.
Leseriket inneheld oppgåvene til Lesebok 3B. Oppgåvene er delte inn i kategoriane forstå, hugse og tenkje, alt etter det nivået i leseforståinga som elevane øver.
Taleriket gjennomgår og øver opp munnlege ferdigheiter.
Språkriket inneheld grammatikk- og rettskrivingsoppgåver.
Skriveriket øver opp skriveferdigheitene. Her er det lagt opp til at elevane skal skrive i ulike sjangrar frå starten av.
Supplerande oppgåver finst på nettressursen og i kopioriginalane i lærarrettleiinga.
Ordriket Arbeidsbok 3B, d-bok er ein digital utgåve av papirboka. Med d-boken opnar det seg nye moglegheiter og den er tilpassa bruk på PC, Mac og nettbrett.
Ordriket Arbeidsbok 3B, d-bok har følgjande funksjonalitet:
- Utheving og notatar
- Slå opp i ordbøker, søkemotorar og leksikon på nett
- Lagre og skrive ut uthevingar og notat
- Favorittmerke sider
- Søkje etter ord eller frasar
Sjå www.fagbokforlaget.no/d-bok for meir informasjon.