Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Lesedilla livsmeistring - Ord
Forfattere:
(Illustratør)
ISBN:
9788211028860
Utgitt:
Utgave:
1
Sider:
27
Trinn:
8
Lesedilla livsmeistring - Ord

Lesedilla livsmeistring - Ord
Ei historie om mobbing

Bøkene i Fagbokforlaget sin livsmeistringsserie fortel historier om vonde opplevingar og tilstandar ting det er vanskeleg å innrømme, setje ord på og å snakke om. Dette er også historier som mange born og unge vil kjenne seg igjen i. Bruk bøkene til å setje ord på di historie. Historiene finst som digitale bøker med innlesen tekst på heimesida til Lesedilla, det digitale lesebiblioteket frå Fagbokforlaget.

ORD

Ein storm av ord feiar over plassen.
Orda legg seg som eit teppe over henne.

Harde,
mørke,
tunge ord
dekkjer kroppen hennar.

ORD er ei historie om mobbing.
Om dei orda som fester seg på kroppen.
Ei historie om dei orda ein ikkje klarer å riste av seg.
Likevel er det håp fordi det finst nokon som vil hjelpe.

Kjenner du deg att eller veit om nokon som ikkje har det bra?
Vil du snakke meir om dette temaet?
Vis boka til ein du stoler på.
Ikkje gi deg før nokon vil snakke med deg eller hjelper deg.

ORD er ei bok i Fagbokforlagets livsmeistringsserie.