Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Nynorsk som sidemål
Forfattere:
ISBN:
9788245006254
Utgitt:
Utgave:
4
Sider:
133
Nynorsk som sidemål

Nynorsk som sidemål

Nynorsk som sidemål er først og fremst meint som ei hjelp for deg som er elev i ungdomsskolen eller i den vidaregåande skolen med nynorsk som sidemål. For å kunne skrive god nynorsk må du ha grundig kjennskap til det nynorske formverket. Nynorsk som sidemål gir deg slik grunnleggjande kunnskap og samtidig mange praktiske øvingar i å meistre dei ulike vanskane. Når du arbeider deg systematisk gjennom heftet, blir du sikrare i det nynorske formverket, og sjølve skriveprosessen vil vere lettare og meir naturleg.

I fjerde utgåva er det gjort mindre endringar og rettingar. I tillegg til eksamensoppgåvene i norsk sidemål for den vidaregåande skolen frå 2006 er eksamensoppgåvene i norsk for grunnskolen frå 2006 tekne med. Også utdrag frå sensorrettleiingane er med i heftet.

Nils Martin Hole har lang erfaring som norsklærar. Han har også skrive synonymordboka Kva heiter det? og Nynorsknøkkelen.