Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Marmaduke : til den første engelskundervisninga
Forfattere:
ISBN:
9788252164855
Utgitt:
Utgave:
1
Trinn:
1
Marmaduke : til den første engelskundervisninga

Marmaduke : til den første engelskundervisninga

Marmaduke er ei eske med alt som trengst av konkretiseringsmateriell til engelskundervisninga dei første åra.

Gjennom lytting, herming, song, leik og annan aktivitet tek borna opp grunnleggjande frasar, ord og uttrykk. Etter kort tid kan dei samtale om det som opptek dei i deira kvardag og får ei variert og morosam tilnærming til eit nytt språk.

Marmaduke kan brukast uavhengig av læreverk, men passar godt til bl.a. læreverket Junior Scoop. Lærarrettleiinga har opplegg knytte til kvart emne i tre nivå. Hovudemna i Marmaduke er fargar, tal, klede og dyr. Det er lagt stor vekt på tilhøva for born og vaksne i engelsktalande land, t.d. om feiring av bursdagar, jul, Halloween osv.

Innhaldet i
Marmaduke-eska:

- Tre storbøker
- Fire plaktar
- Åtte brettspel
- Seks memoryspel
- 24 storkort med dyremotiv
- 20 storkort med fargemotiv
- Aktivitetsbok med rim, regler, songar og kopiark i tillegg til stoff for læraren.

Materiellet gir høve til ei variert og fleksibel undervisning: I samla klasse rundt storbøkene og plakatane, i større eller mindre grupper rundt storkorta og spela, med pararbeid eller individuelt arbeid.

Marmaduke vann EUs språkpris i dansk utgåve, og er no tilrettelagt for norsk skole.

På lager - sendes nå
2 899,-
inkl. mva