Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Lyttemetodikk
Forfattere:
ISBN:
9788276747898
Utgitt:
Utgave:
1
Sider:
278
Lyttemetodikk

Lyttemetodikk
Ressursbok


Musikk i bruk-serien er ein serie læremiddel for musikkfaget som er retta mot musikkpedagogar, frå barnehagen til musikklærarutdanninga ved høgskule og universitet. Serien er utarbeidd gjennom mange års prøving og samarbeid mellom musikkpedagogar i grunnskulen og lærarhøgskulen og byggjer på nye prinsipp for utviklinga av læremiddel. Konkrete oppgåver, lærarrettleiingar og kopigrunnlag blir knytte saman med metodikk og musikkpedagogisk teori.

Denne ressursboka for lyttemetodikk gir deg praktiske undervisningsopplegg knytte til alle dei 121 musikkdøma i musikksamlinga Musikk i bruk. I tillegg omfattar boka mange kopigrunnlag med tekstar, songar, arrangement, notedøme og musikkpuslespel. Ressursboka inneheld også bakgrunnsstoff om musikkhistorie og analyse. For kvart musikkdøme er det valt ut internettlenkjer med tanke på aktuelt fagstoff for læraren.

Ressursboka bør sjåast i samanheng med studieboka for lyttemetodikk, der du finn ei grundig teoretisk innføring i ulike sider ved denne delen av musikkfaget. Med desse to bøkene og musikksamlinga på tre CD-ar vil lærarar ha eit godt grunnlag for å løysa dei utfordringane arbeid med musikklytting gir på alle nivå i skoleverket.

Magne Espeland er professor ved Høgskulen på Vestlandet, og var leiar for faggruppa som utarbeidde musikkplanen i L97. Hovudområda hans er musikkdidaktikk og klasseromsforsking. Espeland har skrive fleire bøker og er redaktør for Musikk i bruk-serien.