Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Klar, ferdig, norsk! Biletordbok
Forfattere:
ISBN:
9788211034649
Utgitt:
Utgave:
2
Sider:
142
Verk:
Klar, ferdig norsk
Trinn:
1
Klar, ferdig, norsk! Biletordbok

Klar, ferdig, norsk! Biletordbok
Grunnleggjande norsk for språklege minoritetar

Det populære læreverket Klar, ferdig, norsk! er komme i revidert utgåve med fleire oppgåver og nye illustrasjonar. Den reviderte utgåva består av nettressurs, biletordbok og to arbeidsbøker, nivå 1 og 2.


Alle komponentane er delte inn i dei same ti temaa, og med Amin og familien hans frå Irak som gjennomgangsfigurar. Dette gir ei systematisk ord- og omgrepsinnlæring med eit heilskapleg og godt læringsutbytte for fleirspråklege elevar.


Klar, ferdig, norsk! er delt inn i desse temaa:


• Familie • Skole • Årstider • Kropp • Klede • Mat • Bustad • Natur • Fritid og kjensler • Transport


I Biletordbok startar kvart tema med eit snakkebilete der omgrep blir sette inn i ein samanheng. Deretter følger biletsider med over- og underomgrep. Til slutt i kvart tema er det ein ordbank som oppsummerer omgrepa. Boka kan brukast aleine eller som oppslagsbok til nettressursen og arbeidsbøkene.


Format
Språk
På lager - sendes nå
Antall
409,-

Bøker i samme serie