Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Språk
Bokmål Nynorsk
Format

Digital ressurs

12 md. abonnement

Digital ressurs i salg
269,-

Grip 3 Samfunnskunnskap Grunnbok, d-bok
Kompetansemålene etter 10. trinn

GRIP er eit læreverk for vaksne innvandrarar som får opplæring i samfunnsfag, naturfag og matematikk på grunnleggjande nivå. Verket dekkjer kompetansemåla etter 2., 4., 7. og 10. trinn i læreplanane etter Kunnskapsløftet.

GRIP basisfaga!
GRIP fokuserer på å presentere fagstoff på ein enkel måte. Språket er tilpassa vaksne deltakarar med lite skulebakgrunn frå heimlandet. Det visuelle uttrykket er ryddig og enkelt, med variert bruk av foto og teikningar. GRIP 3 Samfunnskunnskap gir deltakarane basiskunnskapar i faget og dekkjer kompetansemåla etter 10. trinn i læreplanen. Eksempel på emne i GRIP 3 Samfunnskunnskap er: samfunn, styresett, demokrati, diktatur, fordommar, integrering, forbrukarsamfunnet, kjærleik, seksualitet og samliv, rusmiddel, kriminalitet og straff, FN, norsk økonomi og globalisering.

GRIP digitale ressursar
På nettstaden til verket finn du GRIP 3 Samfunnskunnskap som digital bok, der deltakaren vil finne støtte i lyd og omsetjingar til morsmålet. I lærarrettleiinga finn læraren supplerande oppgåvemateriell til nedlasting, dessutan tips til undervisninga.

Forfattaren Ingrid Værum Larsen har lang erfaring med undervisning av vaksne innvandrarar. Ho har jobba med faga norsk, samfunnsfag og engelsk på grunnskule for vaksne og med norskopplæring for spor 1-elevar. Værum Larsen er for tida knytt til Johannes Læringssenter i Stavanger.

Grip 3 Samfunnskunnslkap, d-bok er ein digital utgåve av papirboka. Med d-boken opnar det seg nye moglegheiter og den er tilpassa bruk på PC, Mac og nettbrett.

Grip 3 Samfunnskunnslkap, d-bok har følgjande funksjonalitet:
- Lyd
- Utheving og notatar
- Slå opp i ordbøker, søkemotorar og leksikon på nett
- Lagre og skrive ut uthevingar og notat
- Favorittmerke sider
- Søkje etter ord eller frasar

Sjå www.fagbokforlaget.no/d-bok for meir informasjon.

Forfattere:
ISBN:
9788211026170
Utgitt:
Utgave:
1
Sider:
154
Verk:
GRIP
Trinn:
10
Grip 3 Samfunnskunnskap Grunnbok, d-bok