Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Grip 3 Historie, elevbok (d-bok)
Forfattere:
ISBN:
9788211026132
Utgitt:
Utgave:
1
Sider:
360
Verk:
Grip
Digital ressurs
Grip 3 Historie, elevbok (d-bok)

Grip 3 Historie, elevbok (d-bok)
Kompetansemål 1.-10. trinn for voksne innvandrere og ungdomstrinnet

GRIP er eit læreverk for vaksne innvandrarar som får opplæring i samfunnsfag, naturfag og matematikk på grunnleggjande nivå. Verket dekkjer kompetansemåla etter 2., 4., 7. og 10. trinn i læreplanane etter Kunnskapsløftet.

GRIP basisfaga!
GRIP fokuserer på å presentere fagstoff på ein enkel måte. Språket er tilpassa vaksne deltakarar med lite skulebakgrunn frå heimlandet. Det visuelle uttrykket er ryddig og enkelt, med variert bruk av foto og teikningar. GRIP 3 Historie gir deltakarane basiskunnskapar i faget og dekkjer kompetansemåla etter 10. trinn i læreplanen. Eksempel på emne i GRIP 3 Historie er: den amerikanske revolusjonen, den franske revolusjonen, napoleonskrigane, Noreg 1814 1905, nasjonalismen, imperialismen, den industrielle revolusjonen, den russiske revolusjonen, verdskrigane, den kalde krigen og konfliktar etter den kalde krigen.

Forfattaren Ingrid Værum Larsen har lang erfaring med undervisning av vaksne innvandrarar. Ho har jobba med faga norsk, samfunnsfag og engelsk på grunnskule for vaksne og med norskopplæring for spor 1-elevar. Værum Larsen er for tida knytt til Johannes Læringssenter i Stavanger.

Grip 3 Historie elevbok (d-bok) er ein digital utgåve av papirboka med oppgåveark til eleven som kan lastast ned. Med d-boka opnar det seg nye moglegheiter og den er tilpassa bruk på PC, Mac og nettbrett.

Grip 3 Historie, d-bok har følgjande funksjonalitet:
- Utheving og notatar
- Slå opp i ordbøker, søkemotorar og leksikon på nett
- Lagre og skrive ut uthevingar og notat
- Favorittmerke sider
- Søkje etter ord eller frasar

Levering 2-6 dager
311,-
inkl. mva

Bøker i samme serie