Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Frå saga til CD 10B
Forfattere:
(Illustratør)
ISBN:
9788211008992
Utgitt:
Utgave:
1
Sider:
171
Trinn:
10
Digital ressurs
Frå saga til CD 10B

Frå saga til CD 10B
Lettlesutgåve : norsk for ungdomssteget

Norsk er å:
- sjå filmar om korleis folk frå arbeidarklassen levde i byrjinga av 1900-talet
- skrive eit kjærleiksbrev frå Erlend til Kristin Lavransdatter
- dramatisere kunstnarlivet i Paris rundt 1900
- diskutere Jantelova
- finne faktastoff om forholda i Noreg under den andre verdskrigen
- følgje med på kva som hender i andre delar av verda
- lære om andre kulturar
- skrive ei novelle på bokmål
- lese så mykje at du blir hekta ... og mykje, mykje meir!

Den nye utgåva av
Frå saga til CD har ei mengd med nytt tekstmateriale og lydstoff og har vorte eit nytt og friskt verk i tråd med den nye læreplanen. Verket har to elevbøker for kvart steg, A-boka og B-boka. I tillegg finst det ein separat lyd-CD, lærarrettleiing og nettressurs.

Frå saga til CD oppfyller krava i læreplanen om å leggje vekt på dei grunnleggjande ferdigheitene. Verket er ein reiskap som bevisstgjer elevane om læringsstrategiar, oppmuntrar til kritisk tenking og hjelper dei til å utvikle sosial og kulturell kompetanse.

Serien har desse komponentane:
Elevbok A + B
Lyd-CD
Ressursperm
Elevbok lettlesutgåve A + B
Lydbok av lettlesutgåve
Rettleiing til lettlesutgåve
6 temahefte
Nettstad: www.frasagatilcd.no
Digitalt læremiddel: Saganett