Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Noreg og havets folkerett
Forfattere:
ISBN:
9788232103935
Utgitt:
Utgave:
1
Noreg og havets folkerett

Noreg og havets folkerett

Havretten er eit av dei viktigaste internasjonale rettsområda for Noreg. Dei mellomfolkelege rettsreglane om havet har dei siste femti- seksti åra endra det juridiske verdskartet. Enorme hav- og havbotnområde er i dag underlagt nasjonalstatane sin eksklusive jurisdiksjon - ei folkerettsutvikling som ikkje minst har kome store kyststatar som Noreg til gode.

Noreg og havets folkerett tek opp nokre av dei mest sentrale problemstillingane for Noreg på havretten sitt område: etableringa av maritime soner, avgrensinga av kontinentalsoklar og andre havsoner med Noregs naboar i blant anna Nordsjøen og Barentshavet og den unike folkerettslege problemstillinga om statusen til hav- og havbotnområda rundt Svalbard.