Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Elle Melle Snipp Snapp Lese- og skrivestart 1A, d-bok
Forfattere:
ISBN:
9788211027931
Utgitt:
Utgave:
1
Verk:
Elle Melle
Digital ressurs
Elle Melle Snipp Snapp Lese- og skrivestart 1A, d-bok

Elle Melle Snipp Snapp Lese- og skrivestart 1A, d-bok

Gjennom fellesopplevingar av tekstar, illustrasjonar, song og musikk får barna ferdigheiter i å lese, skrive, lytte og snakke. Elle Melle Snipp Snapp har ein gjennomtenkt, trygg og rask progresjon, der to nye bokstavar blir introdusert kvar veke. Elle Melle Snipp Snapp bruker varierte metodar for å femne flest mogeleg, og lese- og skriveopplæringa går føre seg med både store og små bokstavar. Gjennom bruk av morosame illustrasjonar og songar stimulerer Elle Melle Snipp Snapp kreativiteten til barna.

I Lese- og skrivestart 1A jobbar vi med heile alfabetet. Kvar bokstav har opptil fire arbeidssider med same struktur og progresjon. Vi startar med å kjenne att og lese bokstaven. Deretter teiknar vi til han og, dersom vi kan, skriv vi om han. Vidare følgjer det øvingar i motorikk, sporing av bokstaven og utlytting av lydar. Vi øver stavingar, ordpar og rimord, fargelegg, går i labyrintar og løyser kryssord. Bokstavsidene avsluttast med en litt ekstra utfordrande oppgåve.

Elle Melle Snipp Snapp Lese- og skrivestart 1A NYN, d-bok er ein digital utgåve av papirboka. Med d-boken opnar det seg nye moglegheiter og den er tilpassa bruk på PC, Mac og nettbrett.

Elle Melle Snipp Snapp Lese- og skrivestart 1A NYN, d-bok har følgjande funksjonalitet:
- Utheving og notatar
- Slå opp i ordbøker, søkemotorar og leksikon på nett
- Lagre og skrive ut uthevingar og notat
- Favorittmerke sider
- Søkje etter ord eller frasar

Sjå www.fagbokforlaget.no/d-bok for meir informasjon

Bøker i samme serie