Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Din tur! Metodebok for aktiv norskopplæring
Forfattere:
ISBN:
9788232103379
Utgitt:
Utgave:
1
Sider:
218
Din tur! Metodebok for aktiv norskopplæring

Din tur! Metodebok for aktiv norskopplæring
Metodebok for læreren

- Treng du tips til å aktivisere studentane dine?
- Ynskjer du å variere undervisninga?
- Synest du at det er vanskeleg å få alle til å snakke og bidra i klassen?
- Ynskjer du at studentane skal ta meir aktivt del i eiga læring?

I denne boka finn du over hundre konkrete tips til korleis du kan aktivisere studentane dine. Enkle og systematiske øvingar blir forklarte med døme frå undervisning i norsk som andrespråk og andre språkfag, men øvingane kan lett tilpassast andre fag både i grunnutdanning og høgare utdanning.

Dei didaktiske tipsa er solid grunna i forsking som viser at det å delta aktivt for å utvikle eigen kunnskap er avgjerande for læring ikkje minst for språklæring. For å bli god i eit språk må ein både høyre det, prøve det ut og bruke det. Når studentane får tid, plikt og rett til å delta og bruke si stemme i læringssituasjonen, får dei styrkt læringsmoglegheitene sine.