Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Lesedilla livsmeistring - Det kvite huset
Forfattere:
(Illustratør)
ISBN:
9788211028846
Utgitt:
Utgave:
1
Sider:
30
Trinn:
8
Lesedilla livsmeistring - Det kvite huset

Lesedilla livsmeistring - Det kvite huset
Ei historie om omsorgssvikt

Bøkene i Fagbokforlaget sin livsmeistringsserie fortel historier om vonde opplevingar og tilstandar - ting det er vanskeleg å innrømme, setje ord på og å snakke om. Dette er også historier som mange born og unge vil kjenne seg igjen i. Bruk bøkene til å setje ord på di historie. Historiene finst som digitale bøker med innlesen tekst på heimesida til Lesedilla, det digitale lesebiblioteket frå Fagbokforlaget.

DET KVITE HUSET

våren er den beste
tida på året

da kan jenta i det kvite huset
vere ute
lenge
aleine
utan å fryse
utan at nokon roper etter henne
utan at ho har vondt i magen

om våren får jenta i det kvite huset puste

DET KVITE HUSET er ei historie om omsorgssvikt.
Om at ingen ser eller forstår.
Ei historie om at dei som skulle teke vare på deg, ikkje gjer det.
Om at dei du kjenner, er farlegare enn framande.

Kjenner du deg att eller veit om nokon som ikkje har det bra?
Vil du snakke meir om dette temaet?
Vis boka til ein du stoler på.
Ikkje gi deg før nokon vil snakke med deg eller hjelper deg.

DET KVITE HUSET er ei bok i Fagbokforlagets livsmeistringsserie.