Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Lesedilla livsmeistring - Den raude ryggsekken
Forfattere:
(Illustratør)
ISBN:
9788211028969
Utgitt:
Utgave:
1
Sider:
26
Trinn:
8
Lesedilla livsmeistring - Den raude ryggsekken

Lesedilla livsmeistring - Den raude ryggsekken
Ei historie om angst, depresjon og sjølvmord

Bøkene i Fagbokforlaget sin livsmeistringsserie fortel historier om vonde opplevingar og tilstandar ting det er vanskeleg å innrømme, setje ord på og å snakke om. Dette er også historier som mange born og unge vil kjenne seg igjen i. Bruk bøkene til å setje ord på di historie. Historiene finst som digitale bøker med innlesen tekst på heimesida til Lesedilla, det digitale lesebiblioteket frå Fagbokforlaget.

DEN RAUDE RYGGSEKKEN

raudgule
blad
knasar under skoa
sakte steg
mot skolen

nedslått blikk
ingen som helsar
dei har nye sekker
nye klede
nye venner

hausten
tek enda ein gong
eit kaldt kvelartak på han

DEN RAUDE RYGGSEKKEN er ei historie om depresjon, angst og sjølvmord.
Om alle tankane ein held for seg sjølv.
Ei historie om kva som skjer når ryggsekken du ber på, blir altfor tung.
Om ein som tilfeldigvis kjem forbi.

Kjenner du deg att eller veit om nokon som ikkje har det bra?
Vil du snakke meir om dette temaet?
Vis boka til ein du stoler på.
Ikkje gi deg før nokon vil snakke med deg eller hjelper deg.

DEN RAUDE RYGGSEKKEN er ei bok i Fagbokforlagets livsmeistringsserie.