Bøkene i Fagbokforlaget sin livsmeistringsserie fortel historier om vonde opplevingar og tilstandar ting det er vanskeleg å innrømme, setje ord på og å snakke om. Dette er også historier som mange born og unge vil kjenne seg igjen i. Bruk bøkene til å setje ord på di historie. Historiene finst som digitale bøker med innlesen tekst på heimesida til Lesedilla, det digitale lesebiblioteket frå Fagbokforlaget.
DEN BLÅ BOKSEN
ho møter han
siste skoledag
før sommarferien
tilfeldig
i trappa
ho på veg heim
han hadde venta på henne
auga hans glitrar
han gir henne ei lyseblå bok
DEN BLÅ BOKSEN er ei historie om seksuelle overgrep.
Om overgrep frå ein du trudde var ein venn.
Ei historie om når gleda blir snudd til stummande blåsvart mørke.
Om at nokon trur at det går over dersom dei ikkje seier noko.
Kjenner du deg att eller veit om nokon som ikkje har det bra?
Vil du snakke meir om dette temaet?
Vis boka til ein du stoler på.
Ikkje gi deg før nokon vil snakke med deg eller hjelper deg.
DEN BLÅ BOKSEN er ei bok i Fagbokforlagets livsmeistringsserie.