Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Språk
Bokmål Nynorsk
Format

Digital ressurs

12 md. abonnement

Digital ressurs i salg
269,-

Automatiseringsteknikk 1, d-bok
Industriell måleteknikk

Dette er éi av to bøker om automatiseringsteknikk. Automatiseringsteknikk 1 handlar om industriell måleteknikk. Boka dekkjer fagområda målenøyaktigheit og kalibrering, måleteknikk for trykk, nivå, gjennomstrauming, temperatur, posisjon, hastigheit, vibrasjon, pH og gassanalyse. Både digitale og analoge måleteknikkar og feltbuss blir behandla.

Målgruppa for boka er VG2 og VG3 automatisering i vidaregåande skule og studentar på teknisk fagskule på studieretningar der automatisering ikkje er hovudfaget. Læreverket høver også godt til sjølvstudium for etter- og vidareutdanning i industrien, og inneheld: 
- nettressursar for kvar studieretning
- rettleiingar, oppgåver, animasjonar, videoar og tekniske spesifikasjonar tilpassa læreplanane for automatiseringsfaget
- repetisjonsoppgåver til kvart kapittel med løysingsforslag i nettressursane

På nettressursane finn ein animasjonar og videoar. Boka knyttar teoriar til praktisk bruk med tekniske instrumentspesifikasjonar og nedlastbare tekniske spesifikasjonar for måleteknisk utstyr som blir behandla i boka.

Bjørnar Larsen har undervist i automatiseringsfaget i skule og industri i ei årrekkje. Han har vore medlem i fagprøvenemnder i 18 år og skrive meir enn 30 lærebøker og kompendium for skule og industri.

Forfattere:
ISBN:
9788211030948
Utgitt:
Utgave:
2
Sider:
390
Verk:
Automatiseringsteknikk (1.utgave)
Trinn:
2
Automatiseringsteknikk 1, d-bok