Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Statens mann, fylkets mann
Språk
Bokmål
Format

Innbundet

Bestill vurderingseksemplar
For lærere, fagansvarlige og forelesere
På lager - sendes nå
519,-

Statens mann, fylkets mann
Norsk amtmanns- og fylkesmannshistorie 1814-2014

Amtmennene, opphavet til den institusjonen vi i dag kjenner som Fylkesmannen, var ektefødde søner av eineveldet. Likevel fekk dei ei nøkkelstilling i den norske staten etter 1814, som det viktigaste bindeleddet mellom kongemakt, storting og regjering på den eine sida og folket og lokale styringsorgan på den andre sida. Dette verket følgjer embetet og embetsinnehavarane gjennom 200 år. Det gjev for fyrste gong ei brei, historisk framstilling av korleis Fylkesmannen har handtert det mangfaldige oppdraget sitt, ikkje minst balansegangen mellom rollene som «statens mann» i fylket og som «fylkets mann» overfor staten. Framstillinga legg vekt på korleis rekrutteringspraksis har endra seg, korleis grensedraginga mot «det politiske» har vore handtert til ulike tider, og kva endringar som er skjedd i organisasjon og styringsverkemiddel. Ein annan raud tråd er Fylkesmannens sentrale plass i viktige prinsipielle systemdebattar, mellom anna knytt til kommunens og fylkeskommunens plass i styringsverket, og spenningar mellom sektor og heilskap. I sum representerer dette verket eit nytt og spanande perspektiv på norsk politisk historie.Yngve Flo er forskar ved Uni Research Rokkansenteret i Bergen. Han har skrive ei rekkje arbeid innan forvaltnings- og kommunalhistorie, og var medforfattar på Sentraladministrasjonens historie etter 1945 (2009).OMTALE:«En hver som har interesse for politikk og samfunnsliv bør sette seg ned med Ynge Flos mursteinstykke bok om utviklingen av fylkesmannsembetet gjennom de siste 200 år. På en lettfattelig måte, men med faghistorikerens øyne lar Flo leseren se samfunnsutviklingen i Norge fra en annen synsvinkel.»Tvedestrandsposten
Forfattere:
ISBN:
9788245015423
Utgitt:
Utgave:
1
Sider:
752
Statens mann, fylkets mann